Stands og appellantar på den store kvinnedagsfesten

8.mars står i feiringa sitt namn, og vi lovar framleis skikkeleg goodtimes med musikk og fest. I tillegg er denne kvelden som vanleg ein arena for å høre engasjerte appellantar snakke om viktige tema, og for å mingle med andre feministar av alle kjønn. Her kan du lese om årets stands og appellantar.

Appellar:

Tirsdag 8.mars, etter at kalde togdeltakarar har fått i seg litt varm suppe, vert det appellar på Parkteatret frå kl 20.00. Appellane er ved:

Hedda Lingås Fossum, som er redaktør i magasinet Fett.

Cathrine Linn Kristiansen, som er talsperson for Feministisk Initativ Oslo.

Seher Aydar, dagleg leiar i Agenda X.

 

Stands:

I tillegg til appellar er det tradisjonen tru også stands på den store kvinnedagsfesten. Denne kvelden kan du mingle og slå av ein prat med kvinner som jobbar med både kultur og politikk, og sjå ein bit av mangfaldet i kvinnerørsla.

Det blir stands frå:

AKKS: som er ein idealistisk musikkorganisasjon som arbeidar for kjønnsbalanse i alle ledd i musikkbrajsnen. Musikkopplæring er kjerna i arbeidet deira.

FETT: som er Noreg sitt einaste feministiske tidsskrift på print. Det kjem ut 4 gongar i året. Dei er også konsert- og debattarrangør, foredragshaldar og samfunnsdebatant.

Kvinnefronten: er ein partipolitisk uavhengig medlemsbasert kvinneorganisasjon.

Feministisk Forum: jobbar med å synleggjere feminisme i studentmiljøet i Oslo

Og Ladyfest Oslo vil sjølvsagt ha ein eigen stand, der publikum kan få vite meir om årets tema – kvinner på flukt – og vårt tilbod til flyktningar ved Refstad Asylmottak. I tillegg vert det sal av Ladyfest bærenett, samt solidaritets-bærenett til berre 50kr stk. OBS: vi tar berre cæsh ved sal av netta.

Både vi sjølve og Fett stiller med stand også på Deichmanske Grünerløkka søndag 6.mars kl 12.00-16.00.

Kanskje får du ei ny fritidsinteresse eller finn ein ny feministisk hjartesak du ynskjer å jobbe med, etter å tatt ein prat med folka som står på stand? Vi gler oss iallefall masse til å mingle med alle desse dyktiga folka!

 

Advertisements