PROGRAM SØNDAG 6.MARS

LF-font

Søndag 6.mars er fyrste dag av årets festival. Deichmanske bibliotek på Grünerløkka (Schous Plass) er staden og tidspunktet er frå kl 12-16. Det vert foredrag med fokus på kvinner og flyktningkrisa. Inngangen er gratis og det blir kaffe og lett servering av forfriskingar i løpet av dagen. Kan du gå glipp av dette?

Hausten 2015 var prega av stadig aukande flyktningstraum og det var ein lett sak for Ladyfest-komiteen å vedta fokus for festivalen vi no nærmar oss. Det er ingen løyndom at kvinner ofte sit attende som dei største ofra både i og etter krigstid. Difor ynskjer vi å løfte fram nettopp dette og sjå på ulike problemstillingar knytt til kvinner på flukt. Kva er det som skjer rundt om kring i verda? Kva for utfordringar møter kvinnelege flyktningar i møte med ein ny kultur når dei kjem til Noreg og Oslo? Korleis kan vi jobbe for ein berekraftig integrering?

 
12:00 – 12:30 VELKOMMEN

Dørene på biblioteket opnar for publikum kl.12. Vi oppfordrar sjølvsagt til å komme før programstart, slik at du får tid til å både mingle, sjekke ut stands og å ta deg ein kaffekopp og enkel matbit.

 

12:30 – 13:45 ANITA SÆBØ (FOKUS) / GRETE HERLOFSEN (NKS)

FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål) er eit kompetanse- og ressurssenter for internasjonale kvinnespørsmål med vekt på informasjonsformidling og kvinneretta utviklingssamarbeid. FOKUS fungerer som ein paraplyorganisasjon, og ein av medlemsorganisasjonane er Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Sæbø er rådgivar i FOKUS, og Herlofsen er generalsekretær i NKS. Saman skal dei halde eit foredrag med internasjonalt overblikk og nasjonale perspektiv på det å vere kvinne på flukt.

 
14:00 – 14:45 FAKHRA SALIMI (MiRA-senteret)

MiRA-senteret er eit resurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn, og jobbar med spørsmål knytt til likestilling av minoritetskvinner Noreg. Denne dagen skal Fakhra Salimi snakke om utfordringar og mogelegheiter for integrering av kvinnelege flyktningar i praksis.

 
15:00 – 15:45 MARIA AMELIE

Maria Amelie er i dag forfattar og journalist. I 2010 gav ho ut boka «Ulovlig norsk», som førte til både debatt og engasjement rundt norsk asylpolitikk. Ho skal på Ladyfest halde eit foredrag med personleg perspektiv på det å vere ung jente og kvinne på flukt.

 

Det er sjølvsagt mogeleg å delta på berre eit eller to av foredraga, sjølv om vi vonar mange vil ta turen og bli heile dagen for å få god innsikt i heilskapen i denne viktige tematikken. Det er lagt opp til at publikum kan stille spørsmål på slutten av kvart foredrag, og i pausane er det igjen rom for mingling, kaffe og standbesøk.

I forbinding med årets tema for Ladyfest, har vi og eit samarbeid med ulike kulturaktørar for å gi eit kulturelt tilbod til kvinner og born som sit på asylmottak. Meir info om dette prosjektet kan du lese om snart.

 

Ladyfest 2016 – for feministar av alle kjønn, i solidaritet med kvinner på flukt!

Advertisements