Spriket i språket – ei hugseliste for musikkomtale

Foto: Ladyfest Oslo/ Marie Vallestad

Foto: Ladyfest Oslo/ Marie Vallestad

No er festivalsommaren godt i gong. Journalistar og bloggarar landet rundt sit klare til å skrive den neste, store musikksaken. Sosiale medier flaumer over av bilete, hashtags og generelle oppdateringar frå festivallivet. Det er med andre ord gode tider for alle oss musikkinteresserte og glade festivalgjengarar. Men i denne jungelen av entusiasme, glede og kritikk, er det ikkje alltid dei som skriv musikkomtalane klarar å halde tunga rett i munnen og unngå diskriminerande eller sexistiske kommentarar. Difor har nettverket Balansekunst tatt initativ til å utarbeide ein språkkvettplakat med ei hugseliste for alle som skriv om musikk.

Plakaten finn du her!

Vi i Ladyfest gler oss til å lese sommarens musikkomtaler, og kanskje vi òg kjem med nokre tips og omtalar iløpet av festivalmånadene. Nyt festivallivet og bruk flittig språkvettplakaten!

Advertisements