Ansiktsmåling for borna

I år har Ladyfest Oslo ekstra fokus på å vere ein festival for alle, og har søndag 8.mars eit eiga program for born og bornefamiliar. Kl 11 er det teaterforestilling, og medan programmet fortsett for ungdom og vaksne (frå kl 12) vert det mogelegheit for borna å få ansiktsmåling. Illustrasjonsbilde

Frå kl 12 søndag 8.mars stiller Elisabeth og Pernille opp med ansiktsmåling for borna. Elisabeth og Pernille gjør deg gjerne om til ein fjellrev, eller vil du bli måla som ditt favorittdyr? Eller kanskje du vil feire kvinnedagen som ein av dine superheltar?

Under teaterforestillinga og formiddagsprogrammet vert det mogeleg for borna å kjøpe både boller og juice.

Teaterforestillinga kan du lese om her.

Advertisements