Ladyfest inntar Grünerløkka

copy-lf14_kvadrat_web_2.jpg

Ladyfest Oslo feirer i 2014 eit tiår med arbeid for å framme kvinner i kulturlivet, og har starta arbeidet med å verta ein heilårsaktiv organisasjon. Fyrste steg er at vi inntar Grünerløkka laurdag 20.september. Dette er eit samarbeid med Sentrumarrangement, som har mange års erfaring med å arrangere «bilfrie markedsdager» på både Løkka og Grønland. Denne dagen vil vi servere eit mangfaldig kulturprogram.

Denne dagen kan vi stolt presentere samarbeid med Emblafestivalen, Konsertforeninga, Femme Brutal, Mamacitas, AKKS Oslo, DA-YO (Dancing Youth) og artistar frå Nordic Black Theatre konseptet ”Open Xpressions”, med artister som Svanes, Laila Gatonye, Chris Shine, m.fl.

Det står mykje spanande på programmet, alt frå live musikk på scena, DJ, live graffiti, street dance, debatt om «kvinner og kultur», stands og sal av både nytt og gamalt Ladyfest Oslo-merch.

Når: Lørdag 20. september frå kl. 1200
Kvar: Olaf Ryes Plass

Arrangementet er gratis og opent for alle.

Sjekk facebook-event for oppdatering på tidspunkt og nyhende.

 

Her kan du sjekke ut nokre av dei dyktige artistene som skal dele sin musikk med oss:

Svanes: servear lyrisk visejazz.  https://soundcloud.com/svanes

SVANES: servear lyrisk visejazz. https://soundcloud.com/svanes

 

CHRIS SHINE: vestlending som syng på norsk dialekt, og lagar både tekst og melodi sjølv. Ho har fengande låter som gjerne definerast som pop, med elementer av reggae og verdsmusikk. https://soundcloud.com/nordicblacktheatre/09-chris-shine-f-r-det-blir

 

Maia Jern (foto: Glenruben Engen): https://soundcloud.com/maia-jern

Maia Jern (foto: Glenruben Engen): songar, låtskrivar og historieforteljar i 20-åra. Ho serverer sjarmerande folkpop med pønkeattidude på ukulele og piano. https://soundcloud.com/maia-jern

 

 

Autumn Ray

AUTUMN RAY: ung, kvinneleg rapper frå Bærum, med fengande songer og tekst fylt av attitude.

 

Ein festival skjer ikkje av seg sjølv, så om du ynskjer å hjelpe oss (og slå eit slag for kvinner i kulturlivet) med å rigge opp/ned eller bidra med anna hjelp mellom kl.09-20 på laurdag, ta kontakt på ladyfestfestival@gmail.com.

 

VELKOMMEN, VI GLER OSS!

Reklamer