FESTIVAL, BABY

festivalk2013

Festivalgjengere Øya 2013

Sommaren er godt i gong, og det same er festivalane rundt om kring i landet. Fleire er allereie over, men fortvil ikkje! Du har enno god tid til å få med deg sommarlege høgdepunkt i sola, framfor scena. Det er diverre ingen røyndom at scenene har ein stor mannleg majoritet i år òg, men vi skal ikkje diskutere det nett no – vi vil heller gi deg ei lita oversikt over (relativt) nye kvinnelege artistar og band du burde få med deg. I tillegg til nokre klassikarar som ein ikkje kan gå glipp av.

Fjellpark festivalen 17.-19.juli, Flekkefjord.

Torsdag 17.juli:

Broen:

Foto: Ladyfest Oslo/ Marie Vallestad

Foto: Ladyfest Oslo/ Marie Vallestad

Eksprimentell pop som spelte på årets Ladyfest-festival i Oslo. Goodtimes kledd i paljettdrakter og utstyrt med smittande engasjement.

Baby In Vain:

baby-in-vain1

by:Larm 14. Foto: Leopardlizmusic/Mailiss Solheim

Unge, danske kvinner som er på vei til å overta trona i ein mannsdominert sjanger. Ladyfest sin koordinator Mailiss intervjua dei under by:Larm – det kan du lese her.

 

Fredag 18.juli:

Deathcrush: Ein tornado av støy, intensitet og pur scenetekke. Må-sjå. Hardtslåande, oslobasert band som ikkje lengre berre er å sjå iundergrunnsmiljøet.

 

Lørdag 19.juli:

Kaja Gunnufsen: norskspråkleg, rett-i-trynet-pop med taktfaste beats og strofer som set seg fast i hjernebarken. Og tekstane, dei er verdt å få med seg! Sjekk m.a. ut denne videoen til Faen Ta.

 

 

Slottsfjellfestivalen 17.-19.juli, Tønsberg.

Torsdag 17.juli:

Monica Helldal: Singer-songwriter med folketoner og rock i bagasjen. Og ei stemme til å blåse deg avgarde. Sjel og ærlegheit. Og ein musikar av beste sort.

Jennie Abrahamson: Relativt ukjend svenske. Serverar nydeleg, sommarlege poplåter. Med ei ibuande nyfikenheit og leikande lett stemme, som tidvis grensar mot det alternative. Ei meir allmennvenleg versjon av canadiske Grimes.

Frk. Fryd:

frk-fryd1

by:larm 14. Foto: Leopardlizmusic/Mailiss Solheim

Kritikkrost, breibeint pønk frå Stavanger.

Fredag 18.juli:

First Aid Kit:

firstaidkit1

by:Larm 14. Foto: Leopardlizmusic/Mailiss Solheim

Desse svenskane treng vel eigentleg ikkje så mykje introduksjon.

Blomst: Garasje-pønk. Rett-i-trynet vokal.

 

Laurdag 19.juli:

Miss Tati: Bergens store soulhåp.

Kuuk:

Foto: Ladyfest Oslo/ Marie Vallestad

Foto: Ladyfest Oslo/ Marie Vallestad

Opptrer på Total. Om du hugsar dei frå Ladyfest festivalen i vår.

 

 

Månefestivalen 25.-27.juli, Fredrikstad.

Her er det sjølvsagt ein sjølvfølge å få med seg legenden Patti Smith, Noreg sine eigne folkerockere i Katzenjammer. Samt pønkbandet som har byrja å få litt fartstid på scena, og som er noko av det puraste innanfor pønkscena i dag: Lucky Malice. I tillegg speler både tidlegare nemnde Monica Heldal og Frk. Fryd her òg.

 

 

Øyafestivalen 5.-9.august, Oslo.

På klubbdagen kan du nyte både Kuuk, Ladymoscow og The Cables. Hip Hop, folkrock og pønk. Og Naomi Pilgrim. Om du ikkje joiner heilefestivalen, kan du likevel få med deg Deathcrush og Baby In Vain (som tidlegare nemnd) på Øya Natt.

Elles byr Tøyenparken på eit lite knippe artistar som ein bør sjekke ut:

Onsdag 6.august: Monica Helldal, Brody Dalle, Emilie Nicolas.

Torsdag 7.august: Hanne Kolstø

Fredag 8.august: Neneh Cherry.

Laurdag 9.august: Aurora Aksnes, Angel Olsen.

 

 

Femmebrutal fest 29.-31.august:Updates kjem!

 

 

 

Advertisements