Musikkvideo utan avkledde kroppar

”Jenter fra Bergen e nokke for seg…” heiter det i ein gamal låt. Og kanskje er det noko i dette. For medan store delar av musikkbransjen kler meir og meir av kvinnelege musikarar for å få salstala til å stige, så er det fire bergenske kvinner som har sett foten ned. Dei meiner at musikken skal snakke for seg sjølv, og dei heldt kleda på i respekt for seg sjølv og andre kvinner.

Ja, det er sjølvsagt Razika vi snakkar om. Pop-ska-bandet som har fått høyre at dei ser ut som biblotekarar og burde kle av seg for gagne publikum og selje meir. No har dei kome med klar tale, og sagt i frå at det ikkje skjer. Noko som har vakt oppsikt og skapt nyhendeoverskrifter. Det har altså diverre gått så langt at det har vorte ei nyhende at kvinnelege artistar vel å ikkje spele på sex. Det er ikkje mykje anna å seie enn at det er synd. At dette er store delar av grunnen til at musikkbransjen ikkje er likestilt. Vert det skrive om menn som heldt kleda på på scena? Vert det gjort tv-intervju med manlege artistar som har laga ny musikkvideo utan å stille opp i bar overkropp med solbrun sick pack?

Vi er svært glade for at Razika står opp og seier klart i frå om kva dei meiner! Intervju med to av bandmedlemmane kan du sjekke ut her.

Musikkvideoen kan du sjå i sin heilheit her!

 

Vi håper du uhøyrer mykje på den soleklare sommarhiten ”Syndere i sommersol” og nyter ein flott musikkvideo – der musikken og musikkgleda, ikkje avkledde kvinner, er i sentrum! Og så vil vi òg oppfordre til at du sørger for å få med deg ein av deira konsertar denne sommaren.

Advertisements