Når sport diskriminerar

fotball

Det er sommar. Det er sol. Det er tid for festival. Og diskusjonen om kjønnsfordelinga på årets musikkhappenings har allereie starta. Men det er diverre ikkje berre på musikkscenen rundt omkring i landet at kvinner står att som tapande part.

Anna kvart år er det enorme mengder pengar, krefter, engasjement og timar tv-titting som pregar månadsskiftet juni-juli. I år er det den største av alle. Fotball VM. Verdsmeisterskapet. Ja, med stor v. Men det er lenge sidan det var tid for å juble for det norske landslaget i fotball. For det norske herrelandslaget vel å merke. Det andre fotballandslaget vi har, det er heilt i verdstoppen. Dei norske fotballkvinnene har EM-, VM- og OL-gull på samvitet. Likevel manglar dei fjernsynstid. Likevel manglar dei økonomi. Likevel manglar dei merksemd frå sportsnoreg.

Ein kan sei mykje om dette problemet. I dag vil vi nøye oss med å dele Gro Espeseth sitt innlegg i Bergens Tidende (BT) frå 19.juli. Espeseth er tidlegare landslagsspelar, ein av fotballnoregs største profilar, og var sjølv med å vinne gull i ovanfornemde meisterskap. Få kan vel vise så ærleg som ho korleis fotballkvinnene kjønnsdiskriminerast.

Innlegget til Espeseth kan du lese her.

Advertisements