SCUM GUN™

Laurdag 8.mars, på sjølve kvinnedagen, skal det kl 14 avdukast eit monument. Eit monument til den militante feministen Valerie Solanas. Som er aller mest kjend for å ha skutt kunstnaren Andy Warhol. Og å ha skrive manifestet SCUM. Å avduke er ikkje riktig den rette definisjonen på det som skal skje – for SCUM GUN™ er eit monument du kan printe ut sjølv (om du har ein 3D-printar). Ein pistol. Ei blanding av penis og vagina. Og du kan jo gjette kva for kjønnsorgan som er det sigrande.

Dagen før dagen var Ladyfest på Kulturhuset og fekk litt meir innsikt i prosjektet og tankane bak SCUM GUN™.

Kven er Bergljot Stahl?

Kunstnar, med bakgrunn frå ekstrem religiøs oppdragelse og overskridane handlingar.

 

Kor lenge har ideen til SCUM GUN™ eksistert?

Solanas-pistolen har Bergljot hatt lenge i hovudet, vore på tapeten iallefall i eit års tid. Det er eit 8.mars-porsjekt – det er liksom då det må skje! Noko som må gis av kvinna til kvinna på 8.mars. Pistolen er arven til Valerie Solanas.

Valerie Solans er eit av dei store ideala, fordi ho tar oppgjør, tar makta i si ega hand. Overskrider alle grenser. Det er noko av det ypperste ein kan gjere i kunsten! Og Bergljot likar ikkje naudsynt det Valerie gjer – men det faktum at ho gjer det. Det er ei overskridande handling, og fortener respekt og eit monument. Og uttrykk som set eit signal. Ikkje berre sjå på ho som historisk figur, men skape diskusjon att.

 

Er det noko spesielt mål bak SCUM GUN™?

Det er mange mål. Spørsmålet med våpenbruk f.eks. Det å gi ut konstruksjonsteikningane til eit våpen er i og for seg ganske uansvarleg. Men dette er eit kjønnsspesifikt våpen – av fysisk art. Det er ein «pussy gun», med ein lam pikk. Det er rett og slett ei symbolsk hemn – det er ikkje noko subtilt med denne pistolen! Han er brutal, overskridane, «in you face». Det er poenget.

Håpet er at mange lastar ned SCUM GUN™. Det er strengt ulovleg å printe ut ein pistol, å gå med denne i veska er eit brudd på loven. Men det er eit symbolsk våpen – om du vil skyte nokon er det lettare med andre våpen. Ha den i veksa, då har du både eit statement og eit handlingspotensiale som verkeleg overgår den vanlege pistolen.

La kvinna 8.mars verkeleg ta sin plass i verda. Dette er meir enn ei parole. Det er eit opprop – kampopprop! Det er grunn til bekymring, men ikkje fullstendig – for ingen mann har vorte skutt medan han tok oppvasken.

Reklamer