Sigrid Moldestad Band & Värtinaä (Fin)

magnus skredeBAKKJENS BASAR presenterer Sigrid Moldestad Band & Värtinaä (Fin), på Riksscenen i Oslo. Sigrid Moldestad slepper si fjerde soloplate ”Brevet til kjærleiken” i februar 2014 og kjem til hovudstaden med songar og tekstar skrive av og rundt diktaren Jan Magnus Bruheim (1914 – 1988). I hans diktarskap har Sigrid Moldestad funne tekstverda ho har laga songar av denne gong og Värttinä har vore stjerner på folkemusikkhimmelen i ein mannsalder alt.
Plata er produsert av Kato Ådland (Sondre Lerche, Nathalie Nordnes, Røyksopp, Hans Petter Gundersen m.fl) og tekstane krinsar kring kjærleiksbegrepet i sin vidaste forstand og om det å vere menneske og medmenneske.

I konserten ”Brevet til kjærleiken” , som er ein tittel av Bruheim, får publikum møte både dei nye songane og historiene blanda med sterke songar og låtar frå tidlegare plater. Alt formidla med Sigrid si sterke fortellerstemme. Sigrid Moldestad er medlem av gruppa Gamaltnymalt, som vann Spellemannsprisen i 2005,  cabaretgruppa Fjøgl og duoen Spindel som m.a. var med å spelte på den internasjonale finalen i MGP 2006 med Christine Guldbrandsen, men det er som soloartist dei seiste åra at karriera til Sigrid har tatt av. Med soloplatene ”Taus” (2008), Sandkorn (2010) og Himlen Har Sove Bort Mørkret (2012) har ho sett signaturen sin på veggen i det norske musikkhuset, og me gler oss til å høyre fortsetjinga i mars!

Sigrid Moldestad – fele, song,
Sigbjørn Apeland – trøorgel, song
Kato Ådland – gitar
Morten Skage – bass
Anders Røine – diverse strengeinstrument
Kåre Oppheim – trommer/perc

Värttinä 

varttina-westerback-620

Gruppa vart starta opp av systrane Mari og  Sari Kaasinen heilt attende i 1983 Dei kom frå småbyen Rääkkylä i Karelien heilt søraust i Finland, og har halde det gåande sidan med vekslande besetning. Mari Kaasinen er einaste originalmedlem som er att av bandet som på sitt meste talte 21 medlemmer, men likevel utan å miste uttrykket som kjenneteiknar musikken deira og lyden av Karelien.  Värttinä har gjeve ut til saman 13 fullengdarar sidan platedebuten ”The first album” i 1987”. Gjennombrotet kom med suksessplata Oi Dai” i 1991 som solgte til platina med over 60 000 solgte i heimlandet og Seleniko (1992) som Spin Magazine kårar til årets album, fram til den kritikerroste ”Utu” frå 2012 som mottek Emmaprisen for beste ethnoalbum.

Sidan Värttinä vart kåra til Årets Band under Kaustinenfestivalen 1987 har dei spelt tusenvis av konsertar verda rundt. Gjennom fleire turnéar i USA, Europa, Sør-Amerika og Japan samt  konsertar i eit ukjend antal andre land og byar, truleg med Rock in Rio i 2001 med sine 250 000 publikummarar som eit av høgdepunkta, har dei sjarmert og fengsla publikum og anmeldarar i alle verdsdelar. Me gler oss til å sjå nokre av verdsmusikkens fyrstedamer i Oslo 7.mars.

Mari Kaasinen – song
Susan Aho – song
Karoliina Kantelinen – song
Hannu Rantanen – bass
Matti Kallio – trekkspel, tangentar
Mikko Hassinen – trommer/perc

Dørene åpner: 20.00
Konsertstart: 21.00
Billettpris: 250 / 175
Kjøp billett
Nettside her
Reklamer