BY:LARM – LADYFEST OSLO ANBEFALAR

DSCF4777_1 copy

Frk. Fryd spelar på årets by:Larm

Årets by:Larm har eit sterkt program å vise til, og det er eit godt knippe med dyktige kvinnelege musikarar representert på festivalen som går av stabelen 26.feb-1.mars. Ladyfest Oslo har sjekka ut band og artistar, og har vald seg ut nokre favorittar, i ulike genre, vi anbefalar at bylarm-folket får med seg.

Aurora Asknes

Aurora-136

Denne 17-år gamle artisten frå Bergen har spelt piano sidan bornsbein av, og like lenge latt seg inspirere av m.a. Bob Dylan og Johnny Cash. Ho har ei blanding av skjør og sterk stemme, og er eit sterk bidrag inni i ein alternativ versjon av singer-song-writer-kategorien med sin leikne kreativitet.

Aurora spelar på Herr Nilsen fredag, og Gamla laurdag.

Baby In Vain

_MG_3726

Dette er eit dansk band, med besetning i alderen 17-20 år. Med sin oppdaterte sjangerblanding av grunge og 90-tals stonerock, beveger dei seg inn i ei sfære dominert av middeladrande menn. Eit friskt pust som bør bli tatt godt i mot av bylarm-publikumet!

Baby In Vain spelar på Crossroad Club fredag, og Mono laurdag.

For alle som ikkje har by:Larm-billett er det mogeleg å sjå dei (gratis) på Internationasjonalen kl 17.00 laurdag.

Frk. Fryd

DSCF4777_1 copy

Stavangerbasert pønkrock. Dette er godstemning, og enno ein sjanger der kvinner har vore underrepressentert. Frk. Fryd har rett-i-trynet-pønk-faktor, og gir deg nett det du vil ha om du er ute etter dansbar rock. Du kan sjå bandet live på Mono fredag, eller Rockefeller laurdag.

Linkoban

Linkoban - credit Thomas Topper Christensen

Dette er ein alternativ dansk artist. Og er noko for deg som vil oppleve noko nytt, med ein sound som er i skjæringspunktet mellom hiphop og alternativ. (Meir dansbar enn Die Antwoord…) Anbefalar verkeleg å få med seg ein liveopptreden med ho i P3-anexet torsdag, eller på Scentrum Scene laurdag.

Nabiha

Pic_NAB_1401.tif

Danske Nabiha serverer ei blanding av RnB, pop og elektro, framført med si sterke stemme og sine afrikanske røtter som fundament for det heile. Sjå jo live på Gamla fredag, eller på Herr Nilsen laurdag.

Tiger Bell

Tiger_Bell_49

Svenske Tiger Bell serverer deg òg rett-i-trynet-pønk, med slagkraftig vokal og tvinger fram danseskorne. Det er allsangfaktor og heftige gitarriff. Er du glad i rock og pønk, bør du derfor ta turen til WiMP-teltet torsdag eller Revolver fredag.

I tillegg til desse 6 dykige artistane/banda, så speler også Hanne Kolstø og Ine Hoem som begge har opptrått på Ladyfest Oslo tidlegare (2012 og 2013).

Advertisements